Les fleire innlegg i vevloggen. Alle meldingane er flytta dit.

Circular kitchen

Dette heilt geniale kjøkkenet tar berre litt over 3 kvadratmeter med plass! Tenk at dei har klart å presse inn komfyr/mikrobølgeovn, 2-4 kokeplater, vask, kjøleskap, oppvaskmaskin og oppbevaringsplass tilsvarande 12 skap (!) på den lille plassen. Einaste eg syns manglar er frys. Nokon som veit om det er mogleg å få?
Circular kitchen

Det er visst CC-Concepts LTD dei heiter, dei som står bak. Det er mykje meir informasjon om kjøkkenet på heimesida deira.

Denne skal inn i versjon 4, berre så det er sagt.

» Heile innlegget med evt. kommentarar No Comments »

Liten heim

No har eg budd i min eigen bolig i snart halvanna år, og er ganske fornøgd med boligen, men trur at det er mykje som kunne vore gjort for å utnytte arealet enno betre. Viseno er genialt for å prøve seg fra utan kostnader.

k22
Slik ser golvplanen ut i dag. Dvs. veggane og slikt er på rett plass. Kjøkken og bad er også på rett plass, og seng, sofa og TV-hylle er plassert ganske nærme slik som her. Spisebordet står framfor sovealkova, og sovealkova er full av rot, men det skal fiksast så snart eg får selt loftsenga (nokon som treng?).

Du kan sjå meir her:

Må likevel innrømme at det lille arealet set fantasien i gang, berre sjekk ut versjon 3 (velg v3 i etasje). Heldt på med versjon 4 no, men er ikkje heilt nøgd enno, så det får komme seinare ;)

» Heile innlegget med evt. kommentarar No Comments »

Kvelden

Ja, for det ser jo ut som det er kveld, ikkje sant? Men det er faktisk litt over 15 sett ut gjennom vinduet på jobb…

08122009(003)

» Heile innlegget med evt. kommentarar No Comments »

Morgenstund har gull i munn

Her er meg og pusane om morgonen laurdag. Det er meg den haugen under Sisik og bak Sala :o

5des09

» Heile innlegget med evt. kommentarar No Comments »

1. desember 2009

Endelig kan den offisielle nettellinga begynne. No sit eg og kosa meg med første “luke” i kalenderen.

Kalenderen vann eg på tombola for mange, mange, mange år sia, og det var først i fjor eg somla meg til å finne han fram att og henge noko i han. En Twist-pose gjer nytta. Ikkje så veldig fancy, men nam nam ;o)

» Heile innlegget med evt. kommentarar No Comments »